Rebekka vart spent då ho fann denne falska med lapp inni i fjæra.

Ikkje berre boss å finne i fjæra

Publisert av: May Britt Meland
24/2/2019 10:15

Rebekka Høgestøl er lidenskapeleg oppteken av å ta vare på miljøet, og er ein flittig strand-ryddar.

Til vanleg finn ho mengder med ulike typar plast, tau og anna boss. 10. februar var ho i fjæra heime på Tysnes saman med hunden, Tilla, for å plukke boss. Like i sjøkanten, innimellom tang og tare, fekk ho auga på ei glassflaske. Dette er ikkje uvanleg å finna, men så oppdaga ho at det var noko inni flaska, noko som såg ut som eit brev. -Sjølv om den låg i glassflaske var den litt fuktig, og eg måtte tørke den før eg fekk den ut, fortel Rebekka til Tysnesingen.no. Etter litt om og men fekk ho ut brevet, og der kom denne teksten fram.

 

Rebekka sende tekstmelding til nummeret som stod i brevet, og fekk kjapt svar frå ein glad gut. Sivert kunne fortelje at han hadde sendt flaskeposten frå Gjermundshavn.  Han var også overraska over at flaska hadde dreve så langt før den vart skylt i land.

 

Her ser ein den 21 dagar lange reisa til flaskeposten.

 

Under ser ein eit lite eksempel på noko av det Rebekka til vanleg finn av boss.

 

Alle foto: Rebekka Høgestøl