Ny siger til gutelaget
3/5/2012 19:07
Dette var første 11’arkampen til Njardar og dei sleit litt med å få spelet til å gli. Men dei kjempa veldig godt og etter kvart var det dei som styrde det meste. I motsetnad til i 7’ar kampane, sleit dei med å få laga mål. Eit solid forsvar hos vertane gjorde at Trio sjeldan kom til sjansar.
Etterkvar kom fyrstemålet til Njardar på eit flott angrep som Torstein Flakke sette sikkert i mål. Men så sovna gutane ein periode og Trio klarte å somle inn eit mål.
Men Njardargutane hadde det meste av spelet og sigersmålet sette Torstein sikkert inn frå eit frispark.
Me er ikkje sikre på korleis Rubbestadneset har klart seg, men til det motsette er prova, leiar no gutelaget sin avdeling!
Laget var: Arild Ebbesvik, Rolf Elling Utne, Henrik Malkenes BB, Lars Even Stue, Lasse Skulstad, Torstein Flakke, Roy William Helland, Ruben S Lunde, Ørjan Pettersen, Vegard Magnussen, Jonny Årskog, Vegard Frøkedal og Markus Kjerrgård.