Publisert av:
1/8/2011 19:41
Ny siger
Njardar sitt gutelag vann også i dag kampen sin i Norway Cup. Gutane vann 2-1 over Kvinesdal. Daniell Hauge Hansen var involvert i begge måla. Først sendte han avgårde eit langskot som gjekk via ein kvinesdøl og i mål, medan han sjølv sette inn sigersmålet heilt på slutten av kampen.
Smågutelaget tok sitt fyrste poeng i dag då dei spelte 1-1 mot Ullern. Ørjan Pettersen scora Njardar sitt mål på straffespark.
Jentelaget gjekk også i dag på eit knepent tap. Det vart 1-2 tap for Dahle. Helene Bakke noterte seg for Njardar sitt mål.