God oppslutning på stiftingsmøte

Publisert av: May Britt Meland
19/2/2020 14:34
Tysnes Turlag hadde stiftingsmøtet i kommunestyresalen tirsdag 18. februar.
Det var 21 frammøtte, inkludert styreleiar Elisabeth Skage frå Bergen og Hordaland Turlag, Organisatorisk leder Trude Iversen og informasjonsleder og redaktør Andrè Marton Pedersen!
Rebekka Høgestøl ynskte velkommen før ho gav ordet vidare til ordstyrar Per Verner Aase.
Åse Enes vart foreslått- og vald til skrivar.
Olav Skjellevik og Ragnhild Malkenes vart vald til å signere protokollen.

Handsame vedtekter
Per Verner Aase gjekk kort gjennom vedtektene.
Dei vart vedtatt ved akklamasjon.

Val av styre
Interimstyret la fram eit forslag til styre:
Rebekka Høgestøl, 2 år
Ketil Skjolde, 2 år
Celine Cevy Dahl, 2 år
Karl Lunde, 1 år
Per Verner Aase, 2 år
Arnhild S. Lunde, 1 år
Åse Enes, 1 år
Det kom ingen benkeforslag. Alle vart vald ved akklamasjon.

Val av leiar
Interimstyret sette fram forslag om Rebekka Høgestøl som  leiar for eitt år.
Det kom ingen benkeforslag. Ho vart vald ved akklamasjon.

Val av valnemnd
Interimstyret sette fram følgjande forslag:
Heidi Renate Røssland, 1 år
Arne Skutlaberg, 2 år
Anne Karin Bruntveit, 3 år
Det kom ingen benkeforslag. Dei vart vald ved akklamasjon.

Val av revisor
Interimstyret sette fram forslag om Freddy Jensen.
Det kom ingen benkeforslag. Han vart vald ved akklamasjon.


Celine Cevy Dahl la fram turlaget sine satsingsområder. Deretter gav Elisabeth Skage ein inspirerande tale på denne historiske dagen. Andrè Marton Pedersen snakka vart om hjertebarnet sitt, nemleg Turboklubben han sjølv var med å starte i Lysefjorden. Han nemde òg på at Tysnesingane var heldig som hadde både fjord og fjell å vera ute på tur i.
Etter møtet var offisielt avslutta blei det diskutert litt kva som var viktig for dei framøtte, og då var merking av stiar nemd og viktigheten med å få til eit samarbeid med dei eksisterande laga her på øya.

Styret i Tysnes Turlag gleder seg no til å lage arbeidsgrupper som inkluderer heile Tysnes Øy! Er du interessert i å bli med som frivillig kan du melde deg inn på dette skjemaet.

Ynskjer du å bli medlem i tillegg går du inn her

Me snakkast på tur!
MVH
Rebekka Høgestøl
Styreleiar i Tysnes Turlag
Vil du bli Frivillige i Tysnes lokallag, meld deg inn her.
Tekst og foto: Tysnes Turlag