Ny målrekord

Publisert av:
10/10/2010 20:44

Arnt Birger Vik var stadig på farten på 70- og 80-talet for Njardar sitt a-lag. I denne tida scora Vik mål på bestilling og har i over 20 år trona åleine på toppscorar lista med 120 mål.

Men i dag stod målrekorden for fall. Njardar møtte Ragnarok til dyst på Reiso og før kampstart hadde Torbjørn Onarheim 119 mål. To mål i dag betyr altså at “Tobben” overtok all-time scorar rekorden i klubben.

Njardar vann kampen 3-2. Sigeren burde vore større over botnlaget, men Njardar fekk aldri flyten i spelet sitt.

Gjestane tok leiinga før “Tobben” reduserte før pause. 2.omgong var berre eit minutt spelt då “Tobben” la på til 2-1. Njardar førte så kampen i 40 minutt og burde punktert kampen med fleire mål.

Christian Frugård auka til 3-1 fem minutt før slutt, før Ragnarok reduserte på slutten og haldt spenninga oppe i kampen. Men tysnesingane klarte å berga alle tre poenga til slutt.

Desse var med: Kjartan Hagen, Robert Grønvoll, Eivind Skorpen, Ronny Hagen, Nils Eivind Hansen, Helge Flornes, Thomas Hagen, Roy Inge Korsnes, Fredrik Winther, Christian Frugård, Torbjørn Onarheim, Daniell Hauge Hansen, Endre Vermedal, Raymond Epland.