Britt Rage ved Alvehuset der ho og Knut bur. Foto Knut Rage

Vikingar frå Tysnes i Gudvangen

Publisert av: May Britt Meland
25/8/2020 22:36

Britt og Knut Rage er vikingar i vikingbyen Njardarheimr i Gudvangen.

-Her har me vore med som frimenn sidan 2018, dvs. at me kan bu og arbeida i vikingbyen i kortare eller lengre periodar, alt ettersom.

Interessa starta eigentleg for 10 år sidan, då me kom med på Bjørgvin middelalder- og vikingmarknad, fortel ekteparet. Her var me middelalderfolk inntil me tok spranget over til Gudvangen og vart vikingar!

Knut Rage på plass i vikingbyen. Foto: Britt Rage

 

Det er mange som vil bli frimenn, men langtfrå alle vert godtekne, seier Rage. -Då må ein kunna bidra med noko som vikingbyen har bruk for.

Britt sit og jobbar. Foto: Knut Rage

 

Men å bli “vanleg” viking er ikkje så vanskeleg. Rett nok treng ein telt, klede og utstyr, men det er slikt ein samlar seg etter kvart. I fjor investerte Knut i eit spyd! Så er det berre å dukka opp der det er vikingmarknader.

Det grøne huset til høgre er høvdinghuset. Foto: Knut Rage

 

Mykje av tida heime går med til syslar som har med vikingtida å gjera. Britt lagar vikingklede, og Knut er medarbeidar på den norrøne nettstaden heimskringla.no

Vikingskip Foto: Knut Rage