Njardar – Kråmyrane 1-3

Publisert av: May Britt Meland
10/6/2024 17:54

Laurdag 8. juni tok A-laget i mot 6. divisjonslaget Kråmyrane til 2. runde i BT-cupen på Reiso. I denne cupen får lag frå lågare divisjonar tildelt eit straffespark for kvar divisjon som skil laga, og Njardar starta dermed ballet med ein straffe. Dessverre for vår del redda Kråmyrane sin målvakt straffen frå Ola.

Laga starta dermed kampen med blanke ark og Njardar tok kommandoen frå start. Med stor tilstedeværelse, energi og gode avstander i laget, dominerte Njardar banespelet og sjanseproduksjonen i 1. omgang. Det var likevel studentane frå Sunnmøre som fekk den fyrste scoringa. På ein sjeldan visitt i Njardar sin 16-meter fekk gjestane tildelt eit straffespark. Øyvind, som gjorde comeback i Njardar-målet, var etter skuddet, men ballen fann nettmaskene. Slag i trynet mot spelets gang.

Men det tok ikkje lang tid før Rafael sørga for balanse i målprotokollen. Kråmyrane sleit med å få has på teknikkaren vår, som på sikkert vis utlikna åleine med keeper. 1-1 var pauseresultatet.

2. omgang blei meir åpen, og Kråmyrane kom meir med i kampen. Njardar fekk likevel alle tiders moglegheit til å ta føringa etter ein heilhjerta kontring med stor vilje og kvalitet, men dessverre gjekk avslutninga til evighetsmaskin Aksel til sides for mål.

I staden blei dei omlag 50 frammøte tilskodarane vitne til at gjestane igjen tok leiinga når dei plutselig fekk sjansen åleine med Øyvind i Njardar-målet. Ein ny mental prøvelse for våre menn, som i jakta på ein ny utlikning dessverre måtte sjå at 6. divisjons laget kontra inn ein ny scoring til 3-1.

Njord/Samuel/Lars-Erik var nære å redusere til 3-2 på tampen, og Kråmyrane kunne også ha auka leiinga, og kampen enda 3-1 og årets BT-cup er over for i år!

Alt i alt ein solid innsats og prestasjon frå våre menn som forøvrig hadde mange forfall til kampen. Heile 13 spelarar var faktisk vekkreist, på jobb eller skada til denne kampen. Det er då veldig kjekt at me er havna i posisjonen me er, at me likevel stiller ein tropp på 16 mann!

Takk til alle som tok turen og støtta A-laget i kampen om avansement!

Kampreferat: Njardar/Tysnes IL, Marius Mikkelsen

Foto: Tysnesingen.no