Publisert av: May Britt Meland
17/1/2025 08:18
Ny leiing i Tysnes Komlelag
På årsmøte 9. januar i år tok Helge Olav Instøy over som president, Sissel Karin Clausen som integrerings- og kulturdirektør og Tore Andersland som finans- og trivselsdirektør. Dei avløyste president emeritus Olav Skjellevik og e-post direktør Rolf Simonsen som begge gjekk av etter å ha meir enn fullført maksimal funksjonstid som er 5 år.
Årsmøte vedtok og nye vedtekter der det mellom anna står at: Alle med tilknyting til Tysnes kan bli lagslem. Alle utanfor Tysnes kan bli lagslem dersom dei er tilrådde av eit medlem.
I sin tale til årsmøte lovde den nye presidenten ein framtid for laget med mellom anna mykje underhaldning og allsong.
Ønskjer nokon å verte med i laget er det berre å kontakte det nye styret.
Tysnes komlelag, Rolf Simonsen