Tysnesgolf resultat

Publisert av: Johnny Helgesen
4/9/2018 08:03

Klubbmeisterskap og TysnesTour 2018

Gratulerer til Arne Dalsgård som klubbmeister i stableford og til Vidar Lid som vinnar av TysnesTour 2018 i same grein. I TysnesTouren tel dei 3 beste turneringsrundane. Det vart eit fint meisterskap med god deltaking og gode speleforhold trass mykje vind – sesongens siste stablefordturnering.

Dei 3 beste i klubbmeisterskapet
Arne Dalsgård, 42 poeng
Edvard Tysnes, 40 poeng
Atle Andersland, 39 poeng

Dei 3 beste i TysnesTour 2018
Vidar Lid, 116 poeng
Jens Flornes, 107 poeng
Atle Andersland, 105 poeng

 

Joker Uggdal Open, Lag P&P

Reidar Aarskog og Jan Vaage krusa inn til siger både brutto og netto i sesongens siste Joker Uggdal Lagturnering P&P med h.h.v. 53 og 51 slag. Hakk i hel fylgde Jens og Oddvin Flornes med 54 og 52 slag. Resultatliste vert lagt ut på tysnesgolf.no.

Golfklubben gratulerer !

Takk til Torunn og Lars i Joker Uggdal for god støtte med flotte premiar !

 

 

Sjå tysnesgolf.no for komplette lister.

Tekst og foto: Tysnes golfklubb