Framførar Jim Reeves og Elvis Presley

Publisert av: May Britt Meland
9/4/2018 13:44

Gå ikkje glipp av konserten i Tysnes kyrkja på søndag!

 

Konsert i Tysnes kyrkje.
Komande søndag vert det konsert i Tysnes kyrkje ved songaren Knut Inge Røen frå
Samnanger. Kona Marit vert konferansier denne kvelden og pianist vert Marit Lindekleiv frå
Husnes. Arrangør er Tysnes støtteforening.
Kanskje det vert ein litt annanleis konsert enn vanleg for mange, men det er eit utruleg flott
repertoar som står på programmet. I stor grad vert det fokus på den kristne amerikanske
songtradisjonen, altså gospelmusikken. Den hadde utspring i slave-tida og deira kår. Ikkje
hadde dei mykje å sjå fram til her i tida, men trua deira og tilliten til Gud skapte utruleg
mange musikalske perler.
Knut Inge Røen er vel mest kjend for si framføring av Jim Reeves sine songar. Denne gongen
vert det også gospel-songar av Elvis Presley. Dessutan eigne songar og songar frå våre eigne
samanhengar. Både Jim Reeves og Elvis Presley hadde heller korte song-karrierar. Dei døde
altfor tidleg begge. Men songen og musikken deira lever vidare også inn i vår tid. Dei let
etter seg flotte sang-skattar begge.
Jim Reeves var tidleg bestemt på å bli country-artist. Familien kom frå Irland og det var ein
heller religiøs familie. Dette gløymde han aldri, slik at når han opptrådte hadde han alltid
med ein gospel-seksjon.
Også Elvis Presley gav ut fleire gospel-album ein periode i livet. Han vaks opp i bibel-beltet i
USA og bar preg av det. Me høyrer og ser ofte Elvis på radio og TV, men ikkje så veldig ofte
frå hans gospel-songar.
Knut Inge Røen har etter kvart vore mange gonger å høyra på Tysnes, både i kyrkjer og
bedehus . Mange har gledd seg over songen hans over store deler av Vestlandet.
Han har sjølv vore fleire gonger i USA og dermed henta inspirasjon til mykje av det han syng
av andre og lagar sjølv. Dette er ekte og dette brenn han for å framføra.
Me kan gleda oss til ein flott konsert i kyrkja denne ettermiddagen.