Ny leiar for Frivillig- sentralen

Publisert av:
11/5/2017 07:51

Per Verner fortel på Tysnes kommune si heimeside at han har blitt godt motteken og har nådd å møte mange av dei frivillige, samt delteke på fleire av aktivitetane som sentralen driv. 

Han gler seg til å jobba vidare med dei nye arbeidsoppgåvene sine, avslutta arbeidsforhold i Bergen og fokusera meir på drifta av sentralen vidare. 

Per Verner seier han likar å få til noko, så det er ikkje utenkjeleg at det kjem nye arrangement eller tilbod i Frivilligsentralen framover.  

Har du nokre idear, ynskjer rundt aktivitetar/tilbod eller tenkjer på å bli frivillig?

Ta kontakt med Per Verner på tlf 995 65 928.