Kyrkjebursdag- 1. pinsedag

Publisert av: Vegard Aslaksen
23/5/2018 20:04
Tekst og bilete; Heidi Hollekim

Forventningsfulle born og vaksne kom til Uggdal kyrkje for å feira kyrkja sin bursdag 1. pinsedag.

Etter klokkeklang og inngangsord tona salmen «Måne og sol, vindar og hav» høgt og klangfylt ut i kyrkjerommet.

Marit prest fortalte om Den Heilage Ande som kom til apostlane og er årsaka til at me feirar pinse og kyrkja sin bursdag.

Med ein ballong og eit klede laga me luft slik at ballongen sveva opp i lufta og på den måten symboliserte Den Heilage Ånd.

Me song truvedkjenning salmen «Gud skapte lyset og livet og meg» før me som bordbøn las «Fader vår».

Ja, for me skulle sjølvsagt eta ilag som seg hør og bør i ein bursdagsfest.

No var det på tide å få røra litt på seg, det er ikkje alltid lika lett å sitja lenge i ro i kyrkjebenk verken for små eller store. Organisten vår, Andrè, hadde sett saman eit knippe av kjekke songar, «Hovud skulder kne og tå» , «Er du veldig glad og vet det» , «Vennefloken» og mange fleire.

Hot Dogs og saft, deilige kaker og kaffi blei sett på festpynta bord. Ummmm, tenk å få både mat og åndelig føda på ein gong! Det var mange fornøyde fjes og sjå, både med og utan ketchup og sjokoladekrem!

Medan Marit prest lyste velsigninga, dalte den ned som ballongar over oss. Som avslutning song me «Vi syng med takk og glede» medan me gjekk ut.

Ute i våpenhuset stilte me oss opp og song Bursdagssongen for kyrkja, og med eitt såg me ei «Pinata-dua» som dalte ned. Borna fekk etter tur prøva å slå hål på den, og etter iherdige forsøk gjekk den sund og mengder med «Godteri» rann utav den. Heldig var dei som hadde funne vegen til kyrkja denne pinsedagen. Med lommene fulle av snop og famnen full av ballongar takka dei glad for seg før dei sprang ut i den sol fylte mai dagen.