Sy med overlock

Publisert av: May Britt Meland
21/1/2022 21:43

Har du lyst til å sy med overlock-maskin? Då har du sjansen no!

Tysnes Husflidslag vil siste laurdag i kvar månad framover ha ei uformell samling i Husflidstova frå kl 10-15.

Første gong 29.1. (i februar blir det den 3. laurdagen pga vinterferie)

Dette er ei uformell samling, der dei som likar å sy – eller har lyst til å læra – møtest og inspirerer kvarandre. Her deler ein på idèar, tips og triks. Husflidslaget stiller med vert/medhjelpar som har sydd ei stund.

Du kan melda deg på ein eller fleire av desse laurdagane. Om du ikkje har eigen maskin, har husflidslaget til leige/lån. Gje i tilfelle melding om det når du melder deg på.

Det er begrensa kor mange me kan vera kvar gong, så det er lurt å vera rask om du vil sikra deg plass.

For medlemer er det gratis å delta. For ikkje-medlemer kostar det kr. 150.- pr gong

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål :)

Påmelding til: helga.irene.aslaksen@haugentt.no / 93024676