Ny Kommuneergoterapeut

Publisert av: Dagfinn Sandvik
5/9/2018 08:20

Nyleg gjekk Britt Kjellesvik Rage av som ergoterapeut for å tre inn i pensjonistanes rekkjer. Til å overta jobben står det ei ung dame frå Kvam klar til dyst, den 26 år gamle Inger Børve. Ho skal jobbe i 80 % stilling som kommuneergoterapeut.

Inger har tidligare erfaring frå bufellesskap og dagsenter for eldre, men sidan endt skulegang i Trondheim er det kommunal ergoterapeut ho har ønskt å jobbe som. Så når denne jobben dukka opp, var det inga tvil om kva ho ville. Det beste med jobben er at den er veldig variert. Alt frå å bli kjent med brukarar, kontorarbeid og møtevirksomheit.

Tysnes Kommune var tidleg ute med å ansette ein ergoterapeut, noko som er svært gunstig. Ikkje alle kommunar har ein slik terapeut. Inger seier at det er svært lønsamt for kommunane å ha ein ergoterapeut. Det kan gjere at innbyggjarane vert meir sjølvstendig, og ein ergoterapeut kan bidra til at ein får eit rikare liv.

Tysnes er ein utruleg flott plass, seier Inger. Til no har ho kun møtt hyggelege folk.

Inger og sambuaren Sindre har nyleg tatt over eit nedlagt småbruk i Ølve. Ho hevdar pendlinga kan verte litt lang av og til, spesielt om vinteren på dårleg føre. Som hobbyar har ho ein hund som krev sitt av tur og stell, ho driv litt med handarbeid og elles vert det vedlikehald og fornying på garden.