Ny Giv inviterer til haustmøter

Publisert av:
15/10/2013 14:23

God vinterfôring av søya ved ulik grovfôrtilgang!

Ny Giv arrangerer møter der vi set fokus på grovfôrsituasjonen og rådgjeving om vinterfôring.

I tidsrommet 14.-21. oktober vert det regionale møter med dette som tema.

Mange har i år hausta mindre grovfôr enn normalt. Det er eit klart mål å auke produksjonen av lammekjøt i Hordaland og då er det særs viktig at vi unngår reduksjon av søyetalet. Ny Giv vil i desse møta gje fagleg påfyll om kva som er god økonomisk fôring ved ulike grovfôrsituasjonar.

 

Det vert møte mange stader og er planlagd følgjande datoer:

Knarvik 14. okt, Nordhordlandshallen kl 19.30

Voss 15. okt, Voss Jordbruksskule kl 19.00

Kvam 16. okt, kafe Sutalaus i Øystese, kl 19.30

Sveio 16. okt, Vigdartun, kl 19.30

Stend 17. okt, Jordbruksskolen i auditoriet, kl 19.00

Etne 17. okt, Grønstad skule, kl 19.30

Kinsarvik 21. okt, Hardangertun, kl 19.30-21.30

Hatlestrand 22. okt, Hatlestrand skule, kl 19.00-21.30

NB! Det vert ikkje møte i Odda, her har vi dessverre ein trykkleif i Bondevennen!

Program:

Vel møtt ved lokallagsleiar

Informasjon frå Ny Giv

Grovfôr og økonomi i vinterfôring av sau v/Landbruksrådgivinga

Fôring av sau v/Felleskjøpet

Arr: Møta vert arrangert i samarbeid med lokallaga i Hordaland Sau og Geit, Landbruksrådgjevinga og Felleskjøpet.

 

Tekst: Svanhild Akses, Hordaland Sau og Geit