Publisert av: Martha Nygård Lande
18/7/2023 07:29
Ny 60 meter gjestebrygge i Lunde Hamn.
Sist veke vart det lagt ut ny gjestebrygge i Lunde Hamn.
Den gamle 30 meter lange gjestebrygga fra 1986, var moden for utskifting. Lunde Båtlag og Lunde Bygdalag, har gjort avtale om den nye brygga. Båtlaget har båser for sine medlemmer på eine sida, og bygdalaget står for gjestebrygge delen på andre sida. Det er Lunde Båtlag som har om søkt prosjektet og legg ut den nye brygga.
Lunde Bygdalag søkte økonomisk støtte hjå Tysnes kommune for dette prosjektet. Dette fann politikarane midlar til, og støtta med kr 180 000. Tysnes Kraftlag har så støtta gjestebrygga med kr 180 000, så totalt er det kome inn kr 360 000 til å finansiera den nye gjestekaien.
Det blir både straum, vatn og belysning på den nye brygga. Gjestebrygga er gratis for dagsbesøkjande slik den gamle brygga har vore det. Det vert vanleg hamneavgift for overnattings gjester, og det er Lunde Båtlag som organiserer vedlikehald og innkreving av hamneavgift.
Det er trongt i Lunde Hamn, men med den nye lange gjestebryggja, vert det plass til fleire båtgjester, og ein kan tilby moderne fasilitetar.