Hyggekveld på Årbakka Handelsstad

Publisert av: Vegard Aslaksen
8/6/2019 14:04

Årbakka Handelsstad arrangerte fredag Hygge kveld med ost, kjeks og eteriske oljer. Fyrst var det eit foredrag om korleis redusere giftstoff i kvardagen ved hjelp av eteriske oljer.

Deretter vart det servert med ost og kjeks frå Tveitakjerring-det vesle ysteriet på Tveit som også gav ein kort introduksjon om osten og kva som er godt å ha til.

Det var mykje folk som hadde møtt opp på hyggekveld på Årbakka Handelstad. Rebekka Høgestøl fortel til Tysnesingen at det i utgangspunktet var lagt opp til maksimalt 25 gjester. Men då dørene opna kl 1900 i går, hadde ho måtte utvida kapasiteten til 32 personar!

Mykje godt på ostebordet. Foto: Rebekka Høgestøl

 

Der er ellers mykje fint å sjå på Årbakka Handelstad som har ope onsdag til sundag kl. 11-16 i siste del av juni, heile juli og august. Årbakka har også gjestekai med tilgang til vatn og straum, dusj og vaskemaskin.

Les meir på facebooksiden til Årbakka Handelstad