Nora Gjerdevik Tveit blir ny festivalsjef i Tysnesfest

Publisert av: May Britt Meland
30/4/2026 21:11

Tysnesfest har tilsett Nora Gjerdevik Tveit (22) som ny festivalsjef. Ho overtek rolla etter Øystein Vaage, som har leia festivalen i nær ti år.

Tveit er frå Baldersheim i Bjørnafjorden kommune og fullfører i mai bachelorgraden i digital serviceleiing ved Universitetet i Stavanger. Ho startar gradvis i rolla allerede no, og tiltrer 100% den 20. mai. Festivalen blir arrangert  9. – 11. juli 2026, med ein glidande overgang og god overlapp for den nye festivalsjefen.

Nora har eit ekte og langvarig forhold til Tysnesfest, kombinert med ei utdanning som treff godt på det festivalen treng framover: strategi, merkevarebygging, konseptutvikling og publikumsoppleving. Me er trygge på at ho har det rette utgangspunktet til å ta Tysnesfest vidare, seier Øystein Vaage, dagleg leiar i Kulturkontoret AS og avtroppande festivalsjef i Tysnesfest.

Nora Gjerdevik Tveit har vore på Tysnesfest sidan barndomen og har god kjennskap til både festivalen og lokalmiljøet.

Tysnesfest er eit av dei store høgdepunkta på sommaren for meg og vennegjengen min, og har vore det så lenge eg kan hugse. Det er stort å få vere med å løfte vidare ein festival som betyr så mykje for så mange. Eg gler meg til å bli kjend med organisasjonen og publikum i ei ny rolle, seier Tveit.

Vaage held fram som dagleg leiar i Kulturkontoret AS og går over i ei meir strategisk rolle for selskapet og porteføljen, som inkluderer mellom anna Festidalen, Utkant, Rein Hardangerfjord, Visit Tysnes i tillegg til Tysnesfest. Det er veldig kjekt å fleire krefter inn i Kulturkontoret som no er heile fem heiltidstilsette.

No er tida moden for at nye krefter får forme festivalen vidare, og eg er glad for å kunne gje stafettpinnen til Nora. Eg skal vere med og støtte henne i overgangen, men ho skal få rom til å setje sitt eige preg på Tysnesfest, seier Vaage.