Nøgde etter samling

Publisert av:
3/12/2008 14:55

I går tysdag hadde Hordaland Fotballkrets sine jentekretslag for årgong 1994 og 1995 sine fyrste treningsøkter for 2008/2009. Treningane skal vera i Vestlandshallen utover vinteren.

Njardar.no melder at både Rikke Vermedal og Renathe Hagen Lunde er nøgde etter fyrste treningssamlinga saman med Hordaland sine beste jenter på dette nivået.

I 95-årsklassen er Renathe einaste jenta frå Sunnhordland med, medan Rikke har kompaniskap frå Sunnhordland med Stord-spelar Inga Malene Huse i 94-årgongen.

Kretsen samarbeider med Arna-Bjørnar på jentesida, og dei skal ha treningar kvar tysdag frametter.