Njardar/Tysnes G14 i godt driv for tida!

Publisert av: Martha Nygård Lande
10/5/2019 16:31

Njardar/Tysnes sine G14 gutar har kome godt i gong med sesongen. Dei har spelt 3 kampar, alle med overbevisande spel og solide sigrar.

Fyrste kamp mot Bømlo vann dei heile 11-0, medan to rivalar frå stordøya, Trott og Stord, vart seindt heim att til storbyen med 9-4 og 6-1 tap.

Det bur veldig mykje godt i dette laget som i årets sesong spelar 11er fotball på full bane for fyrste gong. Ein veldig positiv gjeng som gjer alt på fotballbanen, og som det blir spanande å følga vidare i sesongen.

Trenar Ronny