Nøgd med interessa

Publisert av:
30/12/2008 09:18

Den siste tida har byggjefeltet over Triangelen/Vonheim vakse i antal hus. Det er dei store husa marknadsført som Tysnesboliger som er under oppføring. Desse skal seljast, og så langt har interessa vore god for å få seg ein leiligheit midt i Våge.

Av dei 12 leiligheitene det vert lagt opp til er seks av dei allereie selt. Det opplyser Sigvard Madsen, dagleg leiar i Tysnes Bolig AS, til Tysnesingen.

– Alt går etter planen, og me er svært nøgde med husa, seier Madsen. – Interessa har vore jamn og god etterkvart som dei har kome opp.

– Dei som har kjøpt er både eldre og yngre par, samt nokre tilflyttarar, seier han.

Husa vert levert nøkkelferdige med kvalitetar som parkett, downlights, heilflisa bad og integrerte kvitevarer.

Interessert? Du finn meir info på tysnesbolig.no.