Illustrasjonsbilete

Informasjon frå Tysnes kommune: Høgt vassforbruk og mogleg stenging av vatn

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/2/2021 14:52

Frosttapping er verken lov eller lurt

Tysnes kommune registrerar for tida høgt vassforbruk i Uggdal og i Tysnesbygda. Nattforbruket er også høgt, noko som kan tyda på at ein del abonnentar tappar vatn for å hindra at det frys i private stikkleidningar eller rør i husa.

Med eit høgt forbruk døgnet rundt klarer ikkje reinseanlegga å produsera nok vatn og det går ut over kapasiteten som ligg i høgdebassenga og brannvassberedskapen.

Tysnes kommune vurdera å stenga vatnet på heile leidningsnettet enkelte tider på døgnet for å produsera vatn og fylla høgdebassenga igjen.

Dersom vatnet ditt fryst viss du ikkje tappar vatn må du ta kontakt med ein røyrleggar som kan gjera naudsynte tiltak, som til dømes varmekabel, for at ikkje dette skal skje.

Me minnar også om at frosttapping kan føra til redusert erstatning frå forsikringa ved skade. Sjølv om ikkje vassrøyret inn fryser, kan avløpet frysa og dermed føra til store oversvømmingar.