Slik ser området ut frå lufta. Foto: Øystein Våge

225 000 i støtte frå Gjensidigestiftelsen til bygging av “Tuftepark”

Publisert av: Vegard Aslaksen
29/12/2018 19:48

Rett før jul fekk Båtlaget Njord/Tysnes gladmeldinga med positivt svar frå Gjensidigestiftelsen på søknaden om støtte til bygging av Tuftepark i Peralio friluftsområde.

Tufteparken er eit lavterskeltiltak for eigenorganisert idrett og folkehelsa. Kort fortalt er Tufteparken ein utandørs treningspark som består av enkle metallkonstruksjonar til bruk for eigenvekttrening. Pakken med dei 9 apparata som Tufteparken består av, er designa på en slik måte at alle øvelsar kan utførast av absolutt alle, uansett forutsetningar.

I dag finn ein Tufteparken heilt fra Kirkenes i Nord til Arendal i Sør.

Bildet viser nokre av dei ni apparata som ein Tuftepark består av. Foto; tufteparken.no

 

Sjølv om det er dei fysiske apparata som ein betalar for, så er det konseptet i sin heilhet som har gjort Tufteparken til den suksessen den har blitt i så mange kommunar i Norge. Og no ligg det altså an til at me skal få ein Tuftepark her på Tysnes.

Tufteparkar har blitt etablert både for å

  • Auka den generelle aktiviteten blant befolkninga og bedra folkehelsa
  • Skapa sunn og positiv aktivitet i ellers belasta uteområder – f.eks i storbyar
  • Skapa sosialisering og setta fokus på mestring og motivasjon gjennom morosam aktivitet framfor trening som en nødvendighet.

Parkane blir sett opp for å nå både dei yngre og dei eldre – og det lukkast nesten alltid med å skapa ein arena der heile familien kan væra representert samtidig og ha et godt utbytte av aktiviteten uavhengig av treningsbakgrunn og målsetting.

Les meir om Tufteparken her