Angelica D. Nesse gler seg til opninga av puttballbanen.

Snart opnar Tysnes Putballbane

Publisert av: May Britt Meland
26/7/2022 19:29

På laurdag, 30. juli vert det opning av Tysnes Putballbane. 16 år gamle Angelica D. Nesse fortel litt om bakgrunnen for at bana vart til: -Bana her på Nesse Gard er laga av bestefaren min, Roald Nesse. Han vart inspirert då ein nabo fortalde han om turen til Rosendal, der det ligg ei putballbane. Bestefar har stått for alt det praktiske med bana,  medan eg har laga facebook-sida, skilt og teke bilete for å reklamera for bana.

Kva er putball?
Putball, eller fotballgolf er eit engasjerande spel for både eldre og yngre. Det følgjer golfprinsippa, men ein brukar beina og ein fotball i staden for golfutstyr.
Målet med spelet er å sparke ballen frå utsparksplass og ned i holet på færrest moglege spark.

-Originalt var opningsdatoen 26. mai i år, men me bestemte oss for den datoen for å ha noko å forhalde oss til. Når den datoen nærma seg, såg me at me kunne trenge litt meir tid. No er banen heilt klar, og me har satt den endelege datoen til laurdag 30. juli kl 15.00.

-Me håper at vêret er på vår side den dagen. Ikkje berre er det fint med litt varme frå sola for dei som spelar, men det er også viktig at banen er tørr. Om det er dammar og vått gras kan det forhindra meir enn ein skulle tru. Ballen blir ikkje like lett å føra!

På opningsdagen skal me ha snorklipp og sal av vaflar, lapper/sveler, kaffi og saft, seier Angelica.

Betaling for spel er 100 kr for vaksne. og 50 kr for born over 6 år.
Me tar då vipps, og det vil bli hengt opp nummeret ein kan vippsa til, eller skanna.

Kva er putball?
Putball, eller fotballgolf er eit engasjerande spel for både eldre og yngre. Det følgjer golfprinsippa. men berre at man brukar beina og ein fotball i staden for golfutstyr.
Målet med spelet er å sparke ballen frå utsparksplass og ned i holet på færrest moglege spark. Godt spel gjev minuspoeng, dårleg spel gjev plusspoeng.

Regelverket og poengene ein kan få, står beskrevet på skilt ved kvar einskild utslagsområde.
Spelare vil få moglegheit til å dokumentere poeng og runder i utdelt hefte.

På området er det totalt 9  hol. På bana er det lagt inn diverse hinder som gjer det litt spennande, men også litt utfordrande. Regelverket og poengkrava kan regulerast av spelare om det trengst.

Regelverk og skjemaer ein kan bruka til å dokumentera spel vil også vera til stade. Det kan vera vanskeleg å forstå alt med ein gang, men me på garden skal prøva vårt beste til å forklara, demonstrera osv.

Angelica ynskjer alle velkomne til Tysnes Putball på Nesse Gard!