Det er futt og fart i musikken når brassgruppa til Ladegården Korps er i aksjon. Her frå eit tidlegare besøk.

Frelsesarmeen tek turen til Tysnes

Publisert av: May Britt Meland
28/3/2022 10:16

I mange år har Frelsesarmeen med Ladegården Korps vore ein fast og populær gjest i Tysnes bedehus. Etter to års koronapause kjem dei no sterkt tilbake fredag 1. april.

Sist gong den aktive og gledespreiande flokken var på Tysnes var i november 2019. Den kvelden var det mange frammøtte i bedehuset. Fleire hadde teke turen frå nabokommunane over Lukksundbrua.

-Me er over tjue frå Ladegården Korps her i kveld, det er visst den største flokken me har hatt med oss til song- og musikkveld i Tysnes bedehus. Det er alltid kjekt og eit høgdepunkt å vera med på turen til Tysnes, sa Berit Amland til lokalavisa den kvelden. Ho hadde ansvaret for turen og var programleiar. Det var tjuande gongen Ladegården Korps stod for programmet det året, før pandemien sette ein stoppar for nye besøk i 2020 og 2021.

Fredag 1. april kl 19.30 er dei  klare for ein ny kveld med song og musikk i bedehuset, der både brassgruppa og koret vil stå for innslag. Dessutan står andakt og fellessong på programmet, og som tidlegare på desse kveldane blir det servert kaffi og kveldsmat. Alt ligg altså til rette for ein hyggeleg kveld med Frelsesarmeen.

Tekst: Hans Ole Dalland