Myrdal Gard opnar ny gardsbutikk

Publisert av: Martha Nygård Lande
28/5/2020 10:08

Myrdal Gard har fått stor og flott gardsbutikk.

I tillegg til ost og osteprodukt frå eige ysteri, sel dei ulike andre lokalmatprodukt, som juice, honning og syltetøy blant anna.

I den nye butikken kan du sette deg ned å ta ein kopp kaffi og heimelaga iskrem, eller du kan ta det med deg.

 

Frå neste helg kan du også få pizza med Myrdal ost frå vedfyrt steinovn.

Åpningstider i pinsehelga er 12.00 – 18.00, og frå 5. juni og resten av sommaren er opningstida onsdag til søndag klokka 12.00 – 18.00