Publisert av:
13/8/2013 17:12
NM gull til søskenpar frå Ølve og Hatlestrand
9.-11. august arrangerte Kristiansand sandvolleyballklubb noregsmeisterskap i sandvolleyball. Ida Håvik og Ingeborg Alvheim deltok i ein populær klasse U17 med heile 25 påmeldte lag, og enda opp som noregsmeistrar.
Sondre Alvheim og Ørjan Håvik deltok i klasse U19, og vart noregsmeistrar berre timar etter systrene hadde unnagjort sin finale. Dette er tredje gongen (2010, 2011 og 2013) gutane har vunne sandvolleyball NM.
