Publisert av:
6/6/2014 07:34
Njardar/Tysnes Idrettslag 40 år
Den gongen heitte klubben Njardar, men i 1998 endra årsmøtet namnet til Njardar/Tysnes. 40 år er ikkje blant dei største jubilea, men klubben har planar om fleire arrangement i 2014. Hovudarrangementet vert laurdag 25. oktober. Om dagen vert spelarar frå 70-åra til åra etter 2000 inviterte til å spela turnering. 25-årsjubileet vart markert med ein tilsvarande kamp.
Om kvelden 25. oktober arrangerer klubben jubileumsfest.
Klubben arbeider for å få til fleire markeringar på hausten.
Helge Hauge.