Biletet er av nokre av dei som var med i bortekampen mot Rosendal.

Njardar kamp

Publisert av: Johnny Helgesen
8/4/2018 00:58

Njardar sitt seniorlag spelar treningskamp på Reiso kl 16:00 på søndag. Me tar i mot Rosendal som me slo 5-1 på bortebane for nokre veker sidan.

Dette blir siste kamp før sesongstart laurdag 14 April:

A-laget har til tross for mange vær-utfordringar hatt ein veldig god treningsvinter og er klare for å starta jakta på opprykk til 6. divisjon.
I fyrste heimakamp møter me naboar og kjente frå Ølve til lokalderby.

Strand Ulv har starta opp att med seniorlag i år og me har allerede lova dei at dei skal få det alt anna enn enkelt mot oss.

Det ryktast at “Ølvisane” skal stilla med ein sterk heiagjeng på Reiso.
Dette klarar vel me Tysnesingar å overgå?
Klarar me mobilisera vennar og kjente for å laga ei flott ramma rundt årets åpningskamp? Det hadde vore veldig kjekt!

Kiosken kjem til å vera åpen og dersom mange melder at dei kjem, vil me prøva å laga til litt ekstra opplegg og!