Njardar G14 vidare til 8-dels finale

Publisert av:
1/8/2013 06:28

Njardar/Tysnes G14 – Oppdal2 (2-1)

Etter tre gode kampar av Njardar G14 i innledane puljespel vart det spanande å måle krefter i fyrste sluttspelkamp. Njardar opna godt og tok tidleg leiinga. Begge lag spelte jamt med fleire skudd like utanfor mål. Oppdal brente eit straffespark, men kom tilbake med ei redusering. Njardar jobba godt vidare i angrep og fekk inn eit mål slik at stillinga var 2-1 til pause. Utover i andre omgang freista Njardar å auke leiinga samt å forsvare seg mot Oppdalingane. Dette blei ein slitekamp for G14 laget som halt 2-1 stillinga ut andre omgang. Det er ein kjempe flott prestasjon at dei no går vidare til 8-delsfinale. Den blir mot Oppdal 1 i dag.

PS

For Tysnes patriotar i Oslo er det berre å møte opp med flagg og bunad på bane BE4 på Bjølsen i dag torsdag 1. august.

[bilder]

Njardar/ Tysnes