Slik kan brua over Bjørnafjorden koma til å sjå ut. Foto: Statens Vegvesen

Folkemøte og open dag – E39 Stord-Os

Publisert av: Vegard Aslaksen
20/11/2019 09:56

Før oppstart av arbeidet med reguleringsplan ønskjer Statens vegvesen å invitere til folkemøte og open kontordag på Tysnes.
Folkemøte blir i morgon torsdag 21.november kl. 1800 i Grendatun.

Sjølve traseen for E39 over Tysnes er vedteke av departementet men før ein går i detaljplanlegging vil Statens Vegvesen informera befolkninga generelt og dei berørte spesielt om det planlagte arbeidet. Statens Vegvesen skal i tillegg ha eigne møter med kommunen og grunneigarar som er berørt av den nye traseen, fortel prosjektleiar Signe Eikenes til Tysnesingen. På folkemøtet vil ein få meir informasjon om brutyper, kryssing av våtområder og planlegging av påkjørslar. Det vil og vera høve til å stilla spørsmål. På møtet blir det servert kaffi og noko å bita i.

Statens vegvesen arrangerer også open kontordag på rådhuset: fredag 22.november 09.30 – 14.30. Dersom ein har spørsmål ein ikkje ynskjer å ta opp i plenum på folkemøtet kan ein retta desse til Statens vegvesen sine representantar her.

For meir informasjon om E39 Stord – Os,  klikk her