Njardar G14 spelte heimekamp mot Solid

Publisert av: Vegard Aslaksen
4/10/2019 19:58

Torsdag kveld vitja Solid kunstgraset på Reiso til kamp mot Gutar 14 laget til Njardar.
Laget vart utslått i 8 dels finale i Regy cup sist helg og var ivrige på å visa seg fram i ny kamp.
Diverre var det Solid som scora fyrst då dei plukka ein retur ball frå keeper.
Det bur mykje i dette laget, mange spelarar med ulike kvalitetar jobbar jamnt og tålmodig for scoring noko som etter kvart gav resultat i fleire mål.
Jonas Hagen-Lunde (4), Noah Aslaksen (3) og Daniel Hagen sytte for ein 8-1 siger til slutt og tabelltopp for laget.

Tekst: Ronny Hagen