Publisert av: Martha Nygård Lande
26/6/2026 15:58
Elevar frå Arbeidslivsfag har laga leiker til leikeplass
På leikeplassen til “Lundehagen 2 Ve og Vel” er det kome nye leiker på plass.
Leikene er det elevar frå ungdomsskulen på, Tysnes skule, som har laga i faget Arbeidslivsfag. EB Mat&Service heiter jentene si bedrift, og gutane si bedrift heiter EB Bygg&Arbeid.
Dei har samarbeida godt, og har levert flotte produkt. Velforeningen har også bestilt fleire leiker frå elevbedrifta, så til hausten kjem det meir, blant anna ein leikebuss.

