Nils Vermund Gjerstad møtte Hitlers livvakt
30/12/2014 16:32
Intervjuet med den dåverande 87-år gamle Misch gjorde han i Berlin i 2005. – Dette er nok blant dei største scoopa eg har gjort i min karriere. Eg var heldig som fekk eit nesten 3 timar langt intervju med han i hans hus i utkanten av Berlin. Eg fekk og solgt det til nokre utanlandske blad. Sjølv russiske Pravda var interessert, men dei kunne ikkje by all verda. Dette var spanande for meg personlig og, spesielt sidan eg alltid har vore sopass interessert i historie.
I haust i fjor døyde Misch, som var viktig ettersom han var den siste gjenlevande i Hitlers innarste krets og blant dei som var i bunkersen i Berlin. Faktisk var Misch den aller siste som forlot bunkersen. Han fortalte til meg at etter Hitler sitt sjølvmord var dei meir redd for at Gestapo skulle likvidere alle som satt på viktig informasjon enn for Den raude arme.
Sjølv om Misch jobba for ein av 1900-talets mest forhatte menn imponerte han meg på fleire måtar. Ikkje minst ved at han virka relativt oppegåande og psykisk frisk med tanke på alt han hadde vore gjennom, mellom anna mange års soning i Gulag. Misch verka prega då han fortalte om tida der.
Misch fortalde og mykje anna spennande som du kan lesa om i siste nr. av Militær Historie.