Ni nye positive koronatestar

Publisert av: May Britt Meland
15/11/2021 18:47
Etter møte i KKL i dag, måndag 15. november, kjem Tysnes kommune med fylgjande informasjon på sidene sine:

Legekontoret har fått melding om ni personar med positiv koronatest etter testing gjennomført fredag og gjennom helga.

Alle dei nye tilfella med koronasmitta er knytt til husstandsmedlem og nærkontaktar til allereie påviste tilfelle i samband med det pågåande smitteutbrotet i kommunen.

Omsorgssenteret

Det er per i dag ikkje avdekka fleire tilfelle av koronasmitte på Tysnes omsorgssenter.

Det vil framleis være ekstra smitteverntiltak på omsorgssenteret, og besøk vert avgrensa til det som er naudsynt. Nærkontaktar vert vidare testa.

Gult beredskapsnivå i skulane og barnehagane ut veke 46

Skulane og barnehagane vil framleis være på gult nivå ut denne veka. Målet er å avgrense nærkontaktar og eventuell smittespreiing.

Her finn du informasjon om kva dette betyr i skulen.

Her finn du informajon om kva dette betyr i barnehagen.

Arrangement, samlingar og trening vert anbefalt utsatt

Anbefalingar vert vidareført til og med torsdag 18. november.

Med mål om å redusere kontaktpunkt og hindre eventuell vidare smitte, vil kommunen oppretthalde anbefalingane om å utsetje samlingar og arrangement, til og med torsdag. Innan då vil me ha betre oversikt over utviklinga av smitteutbrotet.

Smitteutbrotet i kommunen har vore kytt til barn og unge, og på grunnlag av dette gjeld anbefalingane i hovudsak arrangement for barn og unge.

Anbefalingane er ikkje meint å stoppe gravferd og liknande arrangement.

Det er viktig at alle følgjer anbefalingane om halde seg heime ved luftvegssymptom, held avstand til andre og reduserer talet på nærkontaktar.

Lokale tilrådingar

Det aller viktigaste no er at alle med nyopståtte eller uavklarte luftvegssymptom held seg heime og gjennomførar testing.

I tillegg vil følgjande generelle anbefalingar også gjelde for veke 46:

  • Hald avstand til andre der det er mogelig i det offentlige rom, gjerne ein meter.
  • Vurder bruk av munnbind dersom det ikkje er høve til å holde minst ein meters avstand innandørs i det offentlige rom.
  • Vurder bruk av heimekontor når det er mogeleg.
  • Reduser talet på nærkontaktar.

Vaksinestatus i kommunen

Vaksinedekningen i Tysnes kommune er god. 90,3 % av innbyggarane våre over 18 år er fullvaksinert.

Dei som ikkje er fullvaksinert og ønskjer koronavaksine, vert bedt om å ta kontakt med legekontoret.

Ny vurdering onsdag inn klokka 16:00

Det vil bli gjort ein ny vurdering av situasjonen på onsdag, og oppdatert informasjon vert publisert innan onsdag klokka 16:00.