EB Fiks & Fisk vann to prisar

Publisert av: May Britt Meland
1/5/2024 08:40

EB Fiks & Fisk var med i elevbedriftmesterskapet i Bergen torsdag 25.april.
I konkurranse med 20 andre bedriftar vant dei to prisar.
Ein 1. plass og ein 2. plass, i kategoriane beste team og læringsprosess, og beste elevbedrift.

Elevar og lærarar er stolte. Dei har jobba godt i fleire år med bedrifta, og dette viser igjen både her på Tysnes og no i konkurranse med andre bedrifter i fylket.

Tekst og foto: Terje Sløgedal, Tysnes skule