Publisert av:
11/11/2009 07:19
NB! Er du student frå Tysnes, les her:
Studentar kan ha problem med å få vaksine på studieplassen sin, og me vil difor tilby studentar frå Tysnes å få vaksine hjå oss. Det er spesielt viktig for personar i risikogruppene (for eksempel astma) å få vaksine. Me vil prøva å leggja vaksinasjonen til ein fredag, litt utover ettermiddagen, slik at flest mogeleg skal få høve til å bli vaksinert dersom dei ynskjer det.
Tysnes Kommune er framleis tom for vaksine mot svineinfluensa, og me veit ikkje kva tid me får nye dosar tilsendt, men det kan bli i neste veke. Me oppfordrar dykk til å lesa på nettsida vår om siste nytt. Tysnes legekontor har ”TAMIFLU” for sal. Dette skal berre brukast når ein får influensasymptom og innan dei 48 første timane. Sjå elles http://www.pandemi.no/.