Publisert av: Martha Nygård Lande
17/11/2020 15:19
Mykje nedbør i vente
NRK melder om mykje nedbør det neste døgnet, og lokalt kan det koma opp mot 80 millimeter på 12 timar.
Det er restane etter den tropiske orkanen Eta som treff Norge. Både Meteorologisk institutt og NVE har tidlegare i veka sendt ut varsel om gult farenivå, dette er no oppgradert til oransje.
Farevarsla det gjeld er nedbør, flaum og flaum- og jordskred. Ein kan forvente at det vil gå skred, kan ein lesa på NRK.no
Torsdag er det meldt sludd- og snøbyger.