Motorsagkurs

Publisert av:
27/1/2013 18:20

Tysnes skogeigarlag har ledig nokre få plassar på kurs i bruk og stell av motorsag 8-9 februar.

Fredag 8. februar vert det ei økt inne der ein går igjennom motorsaga og tek for seg filing, stell, sikkerhet osv frå kl 17-21. 

Laurdagen vert det saging ute frå kl 09-15, der de lærer teknikkar og metodar for felling med fokus på sikkerhet. Me lagar til med bål og kaffi.

Instruktøren vert Audun Lund Eik frå Aktivt skogbruk som er profesjonell instruktør på dette kurset. Det vert min 5 deltakarar, max 8. Prisen er 1820,-. Tysnes Skogeigarlag kan vera behjelpeleg med utlån av utstyr dersom det er nødvendig.

Dei som har foreldre i Tysnes skogeigarlag/ er medlemmer sjølv og dei som er under 18 år får ein liten rabatt.

Tysnes skogeigarlag vil også halde kurs i vinterferien: 27-28 februar og i april:26-27 april dersom det vert nok interesserte. Kurset som går i vinterferien er billegare (1470 kr) sidan det er vekedag.

Ta kontakt med Åsta Midtbø tlf 93 45 44 20 / asta_midtbo@hotmail.com dersom du vil vera med på kurs.