No er tida inne for å søkje om midlar

Publisert av: May Britt Meland
14/10/2020 21:22

Idrettslag, dei som eig verneverdige bygg og lag/ organisasjonar som har hatt opplæring av leiarar, kan no søkje om midlar.

Søknadsfrist er 15. november.

 

Her får du ei oversikt over kva ein kan søkje om midlar til:

SPELEMIDLAR TIL ANLEGG FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET 2021

Idrettslag og andre samanslutningar kan søke om tilskot innan desse stønadskategoriane:

Ordinære anlegg: Normalt tilskot er 1/3 av godkjend kostnad. Turvegar/stigar inntil 50% av godkjent kostnad
Nærmiljøanlegg: Tilskot 50% av godkjend kostnad inntil kr 300 000.
Føresegner, informasjonsmateriell, søknadsskjema hentast på følgjande nettstad og alle søknader skal sendast elektronisk sjå: www.anleggsregisteret.no

Ta kontakt med Synnøve Bakke før du søkjer: synnove.bakke@tysnes.kommune.no, 977 48 005.

Søknadsfrist: 15.11.20

 

 

TILSKOT TIL VERNA KULTURMINNE I VESTLAND 2021

Eig du eit verneverdig bygg eller anlegg og har planar om å ta vare på dette kan du søkje om tilskot. Vestland fylkeskommune gjev stønad til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg.

Det vert ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eige eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Søknadene skal sendast  gjennom kommunen.

Ta kontakt med Synnøve Bakke før du søkjer: synnove.bakke@tysnes.kommune.no, 977 48 005.

Søknad sendast til Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal eller post.@tysnes.kommune.no

Søknadsfrist: 15.11.20

 

 

LEIAROPPLÆRINGSMIDLAR 2020

Lag og organisasjonar innan barne- og ungdomsarbeid, idretts- og kulturarbeid kan søke om tilskot til opplæring av leiarar på grunnlag av dokumenterte utgifter i 2020.

Skriv ein enkel søknad og legg ved kopi av kvitteringer til kurs- og reiseutgifter for i år.

Sendast til Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal eller

e-postadresse: post@tysnes.kommune.no.

Søknadsfrist: 15.11.20