Publisert av:
11/7/2009 10:21
Morgonfriske roarar
– Dei var morgonfriske roarane då dei passerte Bakkane. Særleg Norolf Henriksen hadde eit godt drag på årane, fortel Rune Hauge Hansen til Tysnesingen. Han knipsa bileta du ser her.
Det er nok ein dag med nydeleg vér og roarane får nok roleg sjø oppover Langenuen i dag.
I løpet av ettermiddagen kjem roarane til Våge og Tysnesfest. M/S Midthordland vil gå i møte til dei om lag i halv tre tida.