Publisert av: May Britt Meland
8/9/2023 13:11
Minnerik intimkonsert i Hålandsneset Grendahus
Torsdag kveld hadde vi besøk av Ragnhild Kambo Grov og Endre Olsen. To flotte representantar for musikkmiljøet på Stord.
Dei tok oss gjennom perler frå Olav H. Hauge, Ivar Medås og Salhuskvintetten. Siste del av konserten framførte dei verk av bl.a. Johnny Cash og John Prine. Speed of the sound of lonliness passar inn over alt. Før dei avslutta med Bob Dyland sin “Make you feel my love.
Ein fantastisk flott kveld der mange sikkert gjekk heim og fann fram CD-ane frå åttitalet.
Velkomne tilbake Ragnhild og Endre.
Ein fin gjeng
Intimt i Grendahuset
Tekst og foto: Per Verner Aase