Minikonsert

Publisert av:
17/6/2013 06:14

Fem flinke aspirantar med Eli Sandvik som instruktør starta og fekk visa kor flinke dei har blitt og spela dette året. 

Skulekorpset har denne våren delt seg inn i to grupper. Yngve Nikolaisen og Else Marit Særsten har vore dirigent/instruktør. Den yngste gruppa spela fyrst og hadde fleire solist-innslag. Her er det mange talent under utvikling! 

Den eldste gruppa spela nokre kjende låtar som svinga skikkelig. Det var sal av lappar og kaffi/saft under minikonserten.

Etter konserten gjekk korpset til Tysnes-hallen der det var sommaravslutning med mat, leikar og moro.

Instruktørar og styre takkar for eit flott år og vil ynskja alle aspirantar og skulekorpsmedlemer ein velfortent sommarferie!

Tekst og foto: Betsy Nikolaisen