Meir pengar til utvikling av friluftsområde i Peralio

Publisert av: May Britt Meland
7/6/2018 22:22

Formannskapet gjekk onsdag inn for å støtta friluftsområdet i Peralio med 200 000 kroner. Saka vart behandla etter søknad frå Båtlaget Njord/Tysnes som starta dette prosjektet i fjor haust. I samband med bustaduviklinga i området såg ein mogligheita til også å kunna utvikla eit friluftsområde til almennt føremål.

Det er svært positivt at Tysnes kommune støttar prosjektet, og såleis bidrar til å skapa uterom og møteplasser for eigenorganisert aktivitet, både for Tysnesingar og tilreisande. Området, som er kommunalt, har nær tilknytning til Våge hamn og vil på den måten også kunna bidra til eit enda betre tilbod for båtturistar.

Området strekkjer seg over om lag 3 mål frå sjølinja og opp til dei nye seniorbustadane som Tysnes Bolig har bygd i Peralio, og det er såleis eit nokså stort område å utvikla. Kommuna har tidlegare bevilga midlar til prosjektet for å starta grunnarbeidet, mykje av området er allereie blitt opparbeida. Midlane som vart bevilga i formannskapet på Onsdag skal gå til å ferdigstille ein påbegynt natursteinsmur samt opparbeiding av den øvre delen av området.

I tillegg til Tysnes kommune har Tysnes Kraftlag, Tysnes Bolig og Bergen og Omland Friluftsråd bevilga midlar til prosjektet

 

Har du lyst å sjå korleis området byrjar å ta form?
På Laurdag arrangerer Båtlaget Njord Tysnes Sjøsportsdag, så då er det eit godt høve til å både få med seg kva som skjer både ved og på sjøen i Peralio :)