Målet vart nådd for Krafttak mot kreft!

Publisert av: Martha Nygård Lande
15/3/2022 07:57

Me hadde som mål at me skulle klare 2022 turar  til Blåbærhaugen no i 2022 – heile 2058 var registrert aksjonsveka – noko me er utrulig stolt av.
Og noko heile Tysnessamfunnet og skal være stolt av, det er solid resultat i år – ca kr 255 000,- til Kreftforeninga frå Tysnes.

Me vil takke kvar og ein av dåke som har gått alle desse turane – kvar tur – om det er ein eller fleire – gjer eit viktig bidrag til kreftforskinga. Det kan virke feil å dra fram enkelte, men gjer det likevel:

Takk til Alsaker Fjordbruk som sponsar turane.

Takk til Tysnes Kraftag som sponsar bussturane til skuleelevane og barnehageborna (i år var me heldig å få med Hatlestrand skule og Ølve Montessoriskule også).

Takk til lærarar, assistenter og ikkje minst flotte bussjåfører som alle motiverer små barneføtter til å nå toppen.

Me som har gått turane og fått opplevd den iherdige innsatsen den oppveksande generasjonen yter har vert heldige. Takk til personane som søndag kveld mobiliserte for at målet vårt vart nådd.

Rundt kr. 50 000,- kom inn på lodd sal på bøker, lynutlodding, gåver på VIPPS og digital innsamling – eit fantastisk resultat det og. Takk til bedrifter og privatpersonar som har gitt gåver, takk til alle dykk som kjøpte lodd og gav på andre måter.

Takk til Uren Luren 4H som stillte opp på Onartun og selde lodd, sveler og hot-dog – berre her fekk me inn ca. kr. 9000,-.

Her er trekningslista på bøkene:

Gåvekort på 2 pizza og 2 drikke frå Myrdal Gård                Torhild Troland
Gåvekort på overnatting inkl. frukost på Haaheim Gaard    Nils Olav Troland
Villsauskinn                                                                          Tove Seim
Kosedyr (giraff)                                                                     Ragnhild Merete Dalland
Puslespill m/motiv frå Tysnes – Gøy på Landet                    Rita Instøy
Sparkesykkel                                                                        Bjørg Espevik
Jerngryte                                                                              Ingebjørg Sævartveit
Bøtte med bilpleieprodukter – Treco Bil                               Lars Petter Epland
Strikkahansker – Jorunn S. Bjordal                                        Thorhill Leite
Akematte                                                                              Janne Seim
Snipp &  Snapp – Martha Snorrason                                    Øystein Dalland
Gavekort på kr. 400,- – Kompasset Bar & Spiseri                 Edith Bjørnevik
Gavekort på kr. 500,- – BYgg Tysnes                                     Jorunn Støle Bjordal
Espegaard vaffeljern –  Andersland Bygg                             Bente Torgersen
Strikka barnegenser – Helga Kvamsdal                                 Eirik Dalland
Stavmkser                                                                             Eirik Sandtorv Wilhelmsen
Festivalpass til Tysnesfest – Stiftinga Tysnesfest                   Malin Helland Hagen
Gavekort t/r Bergen – Hirtshals -Fjordline                            Rita Helland
Gavekort t/r Bergen Hirtshals – Fjordline                              Magne Jensen
Gavekort på kr. 500,- – Spar Tysnes                                      Josef Kovacs

Rett trekning: Rannveig L. Helland, Astrid Nygård og Lovise Dalland.



TUSEN TUSEN TAKK ALLE SOM HAR BIDRATT TIL DETTE FANTASTISKE RESULTATET!

Helsing

Rannveig og Astrid

Her er eit biletdryss frå veka: