Publisert av:
30/11/2009 15:35
Meir ope
For å gje eit ekstra tilbod til kundane sine vil Rimi Våge ha søndagsope denne månaden.
– Me vil yta meir service til kundane våre med å ha søndagsope i desember, seier dagleg leiar Morten Christensen til Tysnesingen.
– Opningstida vil bli klokka 14 – 18 søndag 6. og 13.desember, medan søndag 20.desember vil det bli ope mellom klokka 14 – 20. I tillegg vil me ha ope vetlajulaafto til klokka 23 om kvelden, opplyser Christensen.