Publisert av: Martha Nygård Lande
10/12/2023 07:58
“Me må ta vare på kvarandre i jula!”
Med dette bodskapet ynskjer Tysnes Bygdekvinnelag i samarbeid med Haaheim Gaard, å invitere seniorar i Tysnes til Julekonsert med påfølgande middag.
Me er særleg glad for den store pengegåva frå Tysnes Kraftlag, og det gode samarbeidet med Husfar Torstein, noko som gjer det mogeleg å få til eit slikt arrangement. Me håpar med dette bidraget å få spreie litt ekstra julegleda.
Styreleiar Einar Wathne i Tysnes Kraftlag seier om pengegåva:
«Kraftlaget har hatt eit veldig godt år med rekordhøgt utbytte frå Eviny. Styret har derfor valt å gå utover vanleg praksis og bruke ekstraordinære midlar på julegleder til grupper som til vanleg ikkje tar del i dei tiltak Kraftlaget støtter.»
Tysnes Bygdekvinnelag v/Kjersti Godøy