“Me må ta vare på kvarandre i jula!”

Publisert av: Martha Nygård Lande
10/12/2023 07:58

Med dette bodskapet ynskjer Tysnes Bygdekvinnelag i samarbeid med Haaheim Gaard, å invitere seniorar i Tysnes til Julekonsert med påfølgande middag.

Me er særleg glad for den store pengegåva frå Tysnes Kraftlag, og det gode samarbeidet med Husfar Torstein, noko som gjer det mogeleg å få til eit slikt arrangement.  Me håpar med dette bidraget å få spreie litt ekstra julegleda.

Styreleiar Einar Wathne i Tysnes Kraftlag seier om pengegåva:

«Kraftlaget har hatt eit veldig godt år med rekordhøgt utbytte frå Eviny.  Styret har derfor valt å gå utover vanleg praksis og bruke ekstraordinære midlar på julegleder til grupper som til vanleg ikkje tar del i dei tiltak Kraftlaget støtter.»

 

Tysnes Bygdekvinnelag v/Kjersti Godøy