Publisert av:
9/12/2008 20:38
Me fann, me fann
Neste halvår skal 4A og 4B har klasserommet sitt i klubbhuset til Njardar/Tysnes, grunna arbeid på Uggdal skule på Reiso.
Dei to fjerdeklassane hadde i dag opprydning i klubbhuset saman med lærar Tore Økland. Under ryddinga fann dei litt forskjellig.
– I kjellaren fann eg fire merkevogner som er kasserte; 1 for krit, 1 for maling frå spann og 2 for sprayboksmaling, fortel Tore til Tysnesingen.
– På kontoret fann me ørten drakter og kledde opp 4B. Legg merke til fyrste jentelagsdrakta Njardar brukte er med av dei med fann, seier han.
Til slutt i “historietimen” fortalde læraren elevane om då Brann vitja Reiso i 1994. – At Brann var her og spelte på Reiso fengde og at Tore Andre Flo laga målet for Sogndal i treningskampen, sluttar Tore Økland.