Publisert av:
27/11/2009 12:05
MC møte
Motorsykkelinteresserte tysnesingar prøver å lufta interessa for ein MC-klubb på øya. Initiativtakar er Magne Fauskanger. Han har mellom anna oppretta ei facebookgruppe og ellers spreidd informasjon til folk som køyrer motorsykkel eller som berre er interesserte i mekking.
Det vert difor kalla inn til eit informasjonsmøte om eventuell oppstart av ein Tysnes MC-klubb søndag 29.november klokka 1300. Møtet blir i storastovo i Lunde Skule.
Alle MC interesserte er velkomne!